ON
← Back to feed
NOMedicine2 days ago

Two people charged after the Trondheim shootings

A container ship named 'NCL Salten' ran aground near Trondheim on May 22 last year. The ship was heading to Orkanger but veered off course and struck land just meters from the home of Johan Helberg. According to the report, the ship's helmsman was asleep on watch when the incident occurred. The emergency alarm system, which should have warned the crew if the ship was approaching land, had been turned off. Both the helmsman and captain are being prosecuted for violating maritime safety laws related to navigation and operational safety. The prosecution claims the captain failed to ensure proper,

Klokka 5.06 på morgonen, 22. mai i fjor trefte konteinarskipet «NCL Salten» land på Byneset i Trondheim.

Skipet var på veg til Orkanger, men hamna på feil kurs og gjekk på land berre meter frå bustadhuset til Johan Helberg .

Då skipet gjekk på land, skal styrmannen på skipet ha sovna aleine på vakt :

Eigentleg skulle ein bruvaktalarm ha varsla om at skipet var på veg mot land, men alarmen var slått av.

Styrmannen er tiltalt for å ikkje medverke til at skipet blei navigert sånn at det ikkje oppstår fare for liv og helse, miljø eller materielle verdiar .

Både styrmannen og kapteinen er tiltalte for brot på skipssikkerheitslova og må etter kvart møte i retten.

– Tiltalen for begge to gjeld brot på skipssikkerheitslova, paragraf 14, som gjeld reglar om sikker navigering, seier politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen.

Tok med seg nøkkelen til alarmen

Kapteinen er tiltalt for å ha brote pliktene sine når det gjeld den tekniske og operative sikkerheita om bord.

Ifølge tiltalen skal kapteinen ha latt vere å sørge før at det var implementerte rutinar for korrekt bruk av bruvaktalarmen.

Han skal så ha unnlate å sørge for at alarmen var aktivert då skipet gjekk frå kai.

I tillegg skal kapteinen ha tatt med nøkkelen til alarmen då han gjekk av vakt:

Dette meiner statsadvokaten var medverkande årsak til at navigatøren sovna på brua slik at skipet grunnstøytte.

– Påtalemakta ser alvorleg på brota, då desse medførte at skipet i realiteten var utan aktiv kontroll over ein lengre periode, seier politiadvokaten.

Skipet skulle eigentleg dreidd styrbord og inn til Orkanger (til venstre i bilete), men gjekk rett på land på Byneset.

Nektar straffskuld

Verken styrmannen eller kapteinen har erkjent straffskuld.

– Han nektar straffskuld, skriv styrmannen sin forsvarar, Torfinn Kjørsvik Svanem i ei tekstmelding til NRK.

– Eigentleg er det meir absurd enn skremmande, fortalde Helberg nokre timar etter at skipet nesten trefte huset hans.

Skipet trefte land berre meter unna Helberg sitt hus.

Navigatøren har forklart at han sovna på brua då skipet trefte land. Både han og kapteinen har status som sikta i saka

Samanstøyten førte til at det gjekk fleire skred på nabotomta.

Skipet stod bom fast på land og fleire konteinarar måtte fjernast for å klare å trekke «NCL Salten» av land.

Etter seks dagar blei skipet trekt ut frå fjøra på Byneset i Trondheim.

Johan Helberg og sambuaren Joanne Fielder fekk omsider tilbake utsikta over Trondheimsfjorden.

Samstundes kraum skredkanten stadig nærmare huset til Jostein Jørgensen.

Nabofamilien var evakuerte i åtte månader og det var lenge usikkert kven som skulle betale for sikring av huset.

Staten og kommunen tok til slutt halve rekninga kvar for å sikre huset til Jostein Jørgensen.

Arbeidet med å sikre skredområdet kom omsider i gang.

Kapteinen sin forsvarar Torbjørn Sognefest skreiv i mai ei tekstmelding til NRK, at han har sett fram til at etterforskinga skulle bli ferdigstilt.

– Han har sidan ulukkedagen primært vore opptatt av dei grunnstøytinga fekk konsekvensar for, heller enn si eiga rolle.

Styrmannen er ein ukrainsk mann i 30-åra og kapteinen er ein nederlandsk mann i 60-åra.

Har sendt erstatningskrav for sikringsarbeidet

Då konteinarskipet trefte land, utløyste det fleire skred på nabotomta, hos Jostein Jørgensen.

Skredkanten kraup stadig nærmare huset og familien Jørgensen var evakuerte i åtte månader før dei fekk flytte heim att .

For å sikre skredstaden på tomta til Jørgensen har staten og kommunen førebels delt rekninga .

Staten stilte med 4 millionar kroner til sikringsarbeidet, og kommunen med 10 millionar.

Men Trondheim kommune meiner det er andre som sit med ansvaret og må betale for seg.

– Vi har sendt erstatningskrav til partane og vi ventar på svar, seier byråd for byutvikling Trond Åm

Erstatningskravet er sendt til reiarlaget, operatør og driftsselskapet bak «NCL Salten».

Byråden har ikkje svart NRK på spørsmål om kva summen på erstatningskravet er.

Publisert

19.06.2026, kl. 13.07

Oppdatert

19.06.2026, kl. 13.25

Read the full article at NRK Nyheter
Source document: Politistasjon Trondheim

1 reports

NRK NyheterState / PublicCenter2 days ago
Two people charged after the Trondheim shootings

A container ship named 'NCL Salten' ran aground near Trondheim on May 22 last year. The ship was heading to Orkanger but veered off course and struck land just meters from the home of Johan Helberg. According to the report, the ship's helmsman was asleep on watch when the incident occurred. The emergency alarm system, which should have warned the crew if the ship was approaching land, had been turned off. Both the helmsman and captain are being prosecuted for violating maritime safety laws related to navigation and operational safety. The prosecution claims the captain failed to ensure proper,

Bias read (Center): The article reports on a maritime accident and subsequent legal proceedings without apparent political framing. It presents facts about the incident, the roles of the individuals involved, and the charges against them without taking a stance or using biased language.

Official sources cited

Go to the primary sources (1)

The official sources this coverage is built on. Read them directly to bypass framing.