– Hei, vi er frå Arbeidstilsynet, og stiller deg ulike spørsmål for å forsikre oss om at du har gode arbeidsforhold, seier Gro Marie Austdal og smiler.
I regi av A-krimsenteret i Vestland blir det gjennomført ein to dagars aksjon på Bontelabo i Bergen sentrum.
Målet er å få ei oversikt over forholda i den app-baserte matleveringsbransjen.
Samarbeidskontroll
Dei Austdal snakkar med, kjem i bil eller på elsparkesykkel eller sykkel. Dei har gjerne ein stor, firkanta ryggsekk: rosa for Foodora, turkis for Wolt.
Sjølv står ho i gul jakke saman med ei stor gruppe kontrollørar frå både politiet, Skatteetaten, Nav og Statens vegvesen.
Både køyrande og syklande bod vart intervjua. Personen på biletet er tilfeldig.
Alle får stort sett dei same spørsmåla:
– Har du ID-kort med deg? Får du løna inn på bankkonto? Har du ditt eige selskap? Er dette din bil? Din sykkel? Din eigen mobil?
Ein av dei som blir kontrollert veit ikkje nummeret på mobilen sin, så han må ringe kontrollørens telefon så ho kan få opp nummeret hans på skjermen.
– Grunn til bekymring
Gjennom desse kontrollane har A-krimsenteret i Vestland avdekt fleire moglege lovbrot blant leverandørar som tilbyr matlevering via appar.
– Vi ser teikn på mykje av det same som tidlegare er avdekt i Oslo, seier leiar for A-krimsenteret i Vestland, Ove Boga.
Han deltok sjølv i aksjonen på Bontelabo i slutten av mai.
– Dei foreløpige resultata gir grunn til bekymring, seier han.
– Det er eit ganske alvorleg bilde, og eg stiller spørsmål om det er slik vi ønsker å ha det i det norske arbeidslivet.
Så langt er ingen melde til politiet i saka. A-krimsenteret vurderer no vegen vidare og moglege tiltak, opplyser Boga.
Politiet sjekka mellom anna om folk har opphalds- og arbeidsløyve i landet.
Både Wolt og Foodora seier at dei tek funna på alvor og støttar myndigheitene sitt arbeid med å motverke slike arbeidsforhold.
Fullstendige svar frå selskapa kjem lenger nede i saka.
Fleire alvorlege funn
Skatteetatens innleiande undersøkingar viser blant anna teikn på:
Svart arbeid
Manglande eller feil rapportering av omsetning
Manglande momsregistrering
Forholda gjeld for fleire av dei kontrollerte verksemdene.
I etterkant av kontrollane gjer også Nav fleire undersøkingar i fleire saker, der dei blant anna har mistanke om trygdemisbruk.
Nav ser også at fleire arbeidstakarar som blir trefte under kontroll ikkje står oppførte i Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret (Aa-registeret). Dette kan underbygge mistanke om svart arbeid og lønnsutbetaling, eller at arbeidsgivar ikkje følger reglane som gjeld for rapportering til det offentlege.
Funna vil bli følgt opp av dei aktuelle etatane.
Kø av bilar på kontrollområdet til a-krimsenteret i Vestland.
Mange enkeltpersonføretak
Over halvparten av dei som vart kontrollerte i Bergen har rumensk nasjonalitet.
Dei fleste registrerte seg som arbeidssøkar eller arbeidstakar i Noreg i 2026, og dei utførte matleveringstenesta via eige enkeltpersonføretak, oppretta i 2026.
Kontrollen viste også at fleire av personane som utførte oppdraget, ikkje samsvarte med den registrerte brukaren på appen til firmaet dei utførte oppdraget for.
Dette var tilfelle for inntil 25 prosent av dei som blei kontrollerte, og som viste fram app frå oppdragsgivar.
Over halvparten av dei som vart kontrollerte i Bergen har rumensk nasjonalitet.
Indikasjonar på sosial dumping
Vidare har kontrollane avdekt forhold som indikerer sosial dumping eller utnytting av arbeidstakarar.
Fleire av dei kontrollerte personane var ikkje i stand til å svare på grunnleggande spørsmål om arbeidsforholdet sitt utan å kontakte andre personar.
Det er også avdekt tilfelle der personar utførte arbeid ved bruk av andre sin brukarprofil.
Ein av sjåførane opplyste å arbeide 20 timars dag sju dagar i veka.
– Når oppdraget i tillegg blir utført med bilar av eldre modellar i dårleg stand, seier det seg sjølv at det ligg føre auka ulykkesrisiko, seier Boga.
Han fortel at det var krevjande å få ein del av sjåførane i tale.
– Dei kunne ikkje gi informasjon om kven dei jobba for, og var i det heile tilbakehaldne med å gi oss informasjon.
Verkar organisert
I den nyaste trusselvurderinga si peikar Økokrim på nokre fellestrekk for organisert utnytting av arbeidstakarar innan app-baserte matleveringstenester:
Det blir lagt fram arbeidskontraktar som er fiktive, og kontraktane har fleire fellestrekk.
Fleire personar oppgir same bustadadresser, som ikkje er reelle.
A-krimsenteret i Vestland ser klare indikasjonar på det same. Kontrollar og etterarbeid har også gitt senteret eit breiare informasjonsgrunnlag, som klart underbygger at kriminaliteten verkar å vere organisert.
– Målet er å få meir kunnskap om handlingsrommet for arbeidslivskriminalitet i bransjen, slik at vi både kan førebygge og få bukt med det, seier Boga.
Wolt og Foodora: – Tar funna på alvor
Wolt og Foodora seier dei ser alvorleg på funna og er glade for at myndigheitene kontrollerer bransjen.
Foodora…
Read the full article at NRK Nyheter →