ON
← Back to feed
NOHealth2 days ago

This is how the Minister of Health will reduce hospital queues

The Norwegian government has announced a new goal to reduce waiting times for non-emergency medical treatments to within 60 days from when patients are referred. Prime Minister Jonas Gahr Støre and Health Minister Jan Christian Vestre emphasized the importance of reducing patient wait times to maintain public trust in the healthcare system. New measures include making it easier for patients to choose their treatment location through 'Mitt sjukehusval' and implementing a policy called 'Rett på time,' which requires hospitals to schedule patients on the first available time slot rather than near

I dag må pasientar i snitt vente i om lag fem og ein halv månad for behandlingar, som ikkje reknast som akutthjelp.

No set regjeringa eit langsiktig mål:

Pasientar skal normalt vere i gang med eller ha fått behandling innan 60 dagar frå tilvisinga er mottatt.

– Det å vente kan vere ei stor belasting, og det å ha eit mål om å få ned ventetida på ein ansvarleg måte, det høyrer med ein helseteneste som har som mål å bevare tilliten, seier statsminister Jonas Gahr Støre på ein felles pressekonferanse med helseminister Jan Christian Vestre fredag.

Bonusordning for sjukehusa

For å nå det nye målet blir det rulla ut fleire konkrete tiltak.

Desse blir presentert på ein pressekonferanse fredag morgon:

«Mitt sjukehusval» blir enklare

Vestre lovar i dag at det skal bli enklare å kunne velje behandlingsstad.

Med den nye løysinga skal pasientar med nokre få tastetrykk kunne velje behandlingsstad mellom offentlege sjukehus, og dessutan ideelle og private aktørar som har avtale med det offentlege. Dei fleste behandlingar skal inngå, og utbygginga startar straks.

Helseminister Jan Christian Vestre saman med statsminister Jonas Gahr Støre.

«Rett på time»

Gjennom denne omlegginga må sjukehusa sette opp pasientar på første ledige time og ho må komme raskt, i staden for å sette opp pasientane nær datoen for å unngå fristbrot, slik praksis ofte er i dag

Endringa blir innført i alle helseføretak frå denne hausten.

Digitalt timebyte på Helsenoreg

Dersom den oppsette timen ikkje passar, slepp pasientar snart å sitte i telefonkø for å finne ny ledig time.

Ein ny kalenderfunksjonalitet blir rulla ut på Helsenoreg i løpet av 2026 og 2027, slik at ein enkelt kan endre timen sin digitalt.

Bonusordning for sjukehusa

For å få unna køane blir også tatt økonomiske verkemiddel i bruk. Det blir innført nasjonale insentivordningar der sjukehus som tar unna fleire behandlingar enn vanleg, får utbetalt ein rein bonus.

Helse Vest har allereie tjuvstarta med ei ordning for auka operasjonsaktivitet, der sjukehusa får ei auka betaling på om lag 40 prosent.

Dei andre regionale helseføretaka startar innføringa av liknande bonusordningar allereie i sommar.

Store forventingar

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre har store forventningar til dei nye tiltaka.

– Når vi når det nye målet om behandling innan 60 dagar, vil det vere eit før og etter for norske pasientar, seier Vestre.

– I Noreg skal vi ha helse- og omsorgstenester i verdsklasse. Derfor må vi sikre at alle pasientar får hjelp innan rimeleg tid og ikkje blir ventande for lenge, seier Vestre.

Kvifor vel de å utvide omgrepet ventetid?

– Det vi først og fremst har målt er tida frå ein blir tilvist til ein startar behandlinga. Men no ser vi heile forløpet under eitt, og vi seier at det i snitt ikkje skal ta meir enn 60 dagar, seier Vestre til NRK.

Ministeren rettar samtidig ein takk til dei tilsette i sektoren:

– Eg vil anerkjenne den store innsatsen helsepersonellet gjer for å gi god og rask behandling. Når vi når det nye målet om behandling innan 60 dagar, vil det vere eit før og etter for norske pasientar.

– Ei føresetning for å få til desse reformene, er partssamarbeid og involvering på alle nivå i tenesta vår. Tilsette, og tillitsvalde skal få ta ein del i alle avgjerder om gjeld dei.

Publisert

19.06.2026, kl. 09.08

Oppdatert

19.06.2026, kl. 09.45

Read the full article at NRK Nyheter
Source document: Prime Minister Jonas Gahr Støre

2 reports

NRK NyheterState / PublicCenter2 days ago
This is how the Minister of Health will reduce hospital queues

The Norwegian government has announced a new goal to reduce waiting times for non-emergency medical treatments to within 60 days from when patients are referred. Prime Minister Jonas Gahr Støre and Health Minister Jan Christian Vestre emphasized the importance of reducing patient wait times to maintain public trust in the healthcare system. New measures include making it easier for patients to choose their treatment location through 'Mitt sjukehusval' and implementing a policy called 'Rett på time,' which requires hospitals to schedule patients on the first available time slot rather than near

Bias read (Center): The article presents the government's announcement of new healthcare policies without overtly favoring any political side. It includes direct quotes from both the prime minister and health minister, providing balanced representation of the policy goals and implementation plans.

Official sources cited

  • government Prime Minister Jonas Gahr Støre
  • government Health Minister Jan Christian Vestre
AftenpostenParty-aligned🔒Center2 days ago
Should have reduced waiting time: Will be a before and after for Norwegian patients

The Norwegian government has announced new waiting time targets for planned medical treatments. According to the government, the average waiting time for non-urgent treatment is currently five months.

Bias read (Center): The article presents factual information about government-proposed waiting time targets without overtly favoring any political perspective. It does not include explicit commentary, loaded language, or one-sided sourcing that would indicate a clear ideological lean.

Official sources cited

  • government Norwegian Government

Go to the primary sources (3)

The official sources this coverage is built on. Read them directly to bypass framing.

  • governmentPrime Minister Jonas Gahr Støre
  • governmentHealth Minister Jan Christian Vestre
  • governmentNorwegian Government