Dagen etter at Høgsterett slo fast at staten sitt ja til sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig, er det business as usual hos gruveselskapet i Vevring.
Frå Engebøfjellet utvinnast rutil og granat, medan restavfallet endar opp på botnen av Førdefjorden via eit langt rør.
Sjølv om Høgsterett har erklært at vedtaket om sjødeponi er ugyldig, er det ingen teikn til at gruvearbeidarane tek ein pust i bakken.
Tvert imot.
– Det er rett at desse tillatingane er kjende ugyldige, men det er ingen automatikk i at prosjektet difor skal stanse, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til NRK.
Inntil vidare kan derfor gruveselskapet fortsetje som før, med regjeringa si velsigning.
Det får fleire ekspertar på forvaltningsrett til å sjå raudt.
I det opphavlege utsleppsløyvet som Klima- og miljødepartementet gav i 2015, fekk gruveselskapet lov til å deponere inntil 170 millionar tonn gruveavfall på botnen av Førdefjorden.
Illustrasjon: Nordic Mining
– Ein juridisk nullitet
Ekspertane er krystallklare på at gruveselskapet opererer i eit rettsleg vakuum etter dommen i Høgsterett, og at vidare utslepp er ulovleg.
– I dette tilfellet meiner eg at staten har plikt til umiddelbart å pålegge stans av verksemda, seier Hans Petter Graver, professor i rettsvitskap ved UiO.
Han får støtte frå Nicolai Winge, som er ekspert på forvaltningsrett og miljørett:
– Høgsterett har oppheva tillatinga til deponering. Det betyr at tillatinga er ein nullitet . Dei kan ikkje deponere no, for det vil vere ulovlege utslepp som staten må forfølge.
Jurist Tine Larsen, som har følgd forvaltningspraksisen rundt vassdirektivet tett, meiner at saka er opplagt:
– No har miljøorganisasjonane vunne fram. Då er det vanskeleg å sjå at selskapet kan fortsetje med ytterlegare utslepp utan gyldig tillating.
Tiril Mettesdatter Solvang
Hans Petter Graver, professor i rettsvitskap, UiO
Vedtaka om deponeringstillating og tillatinga til gruvedrift er ugyldige og kan ikkje gjerast gyldige i ettertid. I dette tilfellet meiner eg at staten har plikt til umiddelbart å sørgje for at ugyldigheita også får verknad overfor selskapet og pålegge stans av verksemda. Om staten vegrar seg, vil inntrykket av ein opportunistisk tilnærming til rettsavgjerder bli forsterka.
Per-Kåre Sandbakk / NRK
Nicolai Winge, ekspert på forvaltnings- og miljørett
Høgsterett har oppheva tillatinga til deponering som ugyldig. Det betyr at dei ikkje har tillating til å dumpe gruvemasser i Førdefjorden. Då må den delen av verksemda opphøyre umiddelbart. Dei kan ikkje deponere no, for det vil vere ulovlege utslepp som staten eventuelt må forfølge. Eg kan ikkje forstå anna enn at den må opphøyre med ein gong.
Institutt for offentlig rett
Marius R. Gulbranson, advokat og forvaltingsrettsekspert
I Fjordsøksmålet har det gamle vedtaket no falle. Det betyr ikkje anna enn at staten må fatte eit nytt vedtak. Men i denne saka kjem ein twist: å forureine skil seg ut fordi det etter lova i utgangspunktet er ulovleg og straffbart. Limbotilstanden blir ekstra uhaldbar fordi selskapet her per definisjon gjer noko ulovleg.
Advokatfirmaet DSA
Tine Larsen, jurist og miljørettsekspert
Då lagmannsretten i april kom til at gruveselskapet ikkje trengde å stanse utsleppa, var argumentet at framleis deponering fram til saka var rettskraftig avgjort ikkje ville medføre større skade enn at det kunne rettast opp igjen dersom miljøorganisasjonane vann fram. No har miljøorganisasjonane vunne fram, og det er vanskeleg å sjå at selskapet kan fortsetje utan tillating.
NHO
Sondre Olsen, regionleiar i NHO Vestland
No er det opp til staten å finne ei løysing. For Noreg og Europa må bli meir sjølvforsynte med mineral, og det er derfor Engebøprosjektet er så viktig. I åra framover treng vi meir mineralutvinning. Det er svært sårbart at vi i dag er heilt avhengige av Kina for å byggje dei teknologiske løysingane vi omgir oss med, anten det er bilar, mobilar eller anna vanleg infrastruktur.
privat
Amund Noss, jurist og partnar i advokatfirmaet CMS Kluge
I Fosen-saka var det ikkje opplagt korleis regjeringa skulle avhjelpe menneskerettsbrotet. I vår sak er det heilt klart: Tillatingane må formelt trekkjast tilbake. Det finst ingen andre løysingar, så det er heller ikkje noko å greie ut. Overvakingsorganet ESA har slått fast at det skjer eit løpande brot på EØS-avtalen så lenge regjeringa lèt gruveselskapet deponere utan gyldig tillating.
Gilucci augusto
Morten Walløe Tvedt, professor i rettsvitenskap
Dommen viser at EØS-retten har ei overordna betydning i norsk rett og bind forvaltninga til ein bestemt framgangsmåte. Høgsterett brukar her rolla si til å kontrollere om staten held seg innanfor EU-rettens rammer. Løysinga blir truleg at Nordic Mining søkjer på nytt, og at styresmaktene grunngjev ei ny tillating slik Høgsterett legg til grunn at EØS-retten krev.
Skilnaden på Fosen og Førdefjorden
Saka speglar Fosen-konflikten på eitt sentralt punkt: Utbyggjarane har handla i god tru og investert fleire…
Read the full article at NRK Nyheter →