ON
← Back to feed
NOEnvironment4 days ago

Historical judgment in the High Court: The state lost in the Førdefjord case

The Supreme Court has ruled that the Norwegian government's approval of mining waste disposal in Førdefjord is invalid. Environmental organizations Naturvernforbundet and Natur og Ungdom have won the case. The ruling ends an eighteen-year legal battle but does not immediately stop the dumping. The matter will now return to the ministry, which must reassess the case according to the Supreme Court's interpretation of regulations. The government has stated it will follow the court's decision and conduct a new evaluation, though the dumping may continue under strict environmental conditions.

Miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har vunne fram i Høgsterett.

Landets øvste domstol konkluderte i dag med at staten sitt ja til gruvedumping i Førdefjorden er ugyldig.

Dommen set eit juridisk punktum for den atten år lange striden, men gruvedumpinga stansar likevel ikkje med det same.

No går saka tilbake til departementet. Der må forvaltninga vurdere alt på nytt, og denne gongen følgje Høgsteretts tolking av regelverket.

– Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, sa Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap til NRK i fjor.

Han viste til Fosen-dommen som eit konkret eksempel på at det kan ta tid frå eit vedtak blir kjent ugyldig til det får reelle følgjer på bakken.

Eli Bjelland / NRK

Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister

Høgsterett har konkludert med at dei gitte tillatingane er ugyldige. Det tek vi naturlegvis på alvor. No vil vi i første omgang følgje opp dommen ved å vurdere om feilen kan rettast.

Ellinor Halvari / NRK

Karen Mellingen, Regjeringsadvokaten

Staten vil sjølvsagt følgje opp dommen lojalt og gjere ei ny vurdering av saka, slik Høgsterett skriv. Dette betyr ikkje at deponeringa stansar umiddelbart. Selskapet kan halde fram med drifta under dei strenge miljøkrava som gjeld.

(Mellingen har ført saka for Klima- og miljødepartementet i Høgsterett.)

Elisabet Grøndahl / NRK

Nikolai Winge, Ekspert på miljørett, plan- og bygningsrett og forvaltningsrett

Dommen vil ha stor betydning for alle framtidige tiltak som påverkar vassdrag og fjorder. Saka viser ein tendens til at naturomsyn oftare vinn fram i domstolane. Tida då naturen skal lide under kapitalismens mål om maksimal profitt er openbart forbi. No må vi tenke nytt om korleis vi forvaltar fellesressursane våre til det beste for dagens og morgondagens generasjonar.

NRK

Cecilie Myrseth, næringsminister

Vi tek Høgsteretts dom til etterretning og vil gå grundig gjennom avgjerda. Samtidig ligg regjeringas ambisjon fast: vi prioriterer mineralnæringa høgt og vil framleis styrke arbeidet for at fleire prosjekt kan realiserast, på ein måte som ivaretar både miljøomsyn og behovet for tilgang til kritiske råvarer.

Alf Anders Berg Grønnli / NRK

Lars Haltbrekken, SV

Dette er ein enormt viktig siger for miljøet og fjordane. Regjeringa må umiddelbart sørgje for at dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden stoppar. Nordic Mining gjer seg skuldig i grov miljøkriminalitet dersom dei held fram med å dumpe avfallet i fjorden. No må det bli slutt på at gruveselskap får tillating til å kaste skiten sin på havet.

Storm Pessl-Kleiven / NRK

Marius Dalin, MDG

Dette er ein stor siger for miljøet og naturens rettstryggleik. Vi forventar at styresmaktene følgjer opp dommen og trekkjer tilbake utsleppsløyvet for Nordic Mining i påvente av ei ny handsaming. Dersom det ikkje skjer, opptrer Noreg i strid med EØS-avtalen. Regjeringa må også snarast rette opp i vassforskrifta, så ho er i tråd med våre rettslege føresegner.

Hallgeir Braastad / NRK

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Dette er ein historisk siger for Førdefjorden og for naturen i Noreg. Dommen viser at staten ikkje kan setje miljøomsyn til side for kortsiktig økonomisk gevinst. Høgsterett har no trekt opp ei tydeleg grense som vil verne norske fjorder mot liknande ureining i framtida.

NRK

Sigrid Hoddevik Losnegård, Natur og ungdom

Eg har aldri vore så letta! Vi visste at vi hadde rett frå start. No har vi både stoppa Nordic Minings dumping i Førdefjorden, og sikra at naturen i heile Europa har mykje sterkare rettsvern. Denne dommen vil få store konsekvensar for andre saker. Heretter kan ikkje styresmaktene tillate forureining av fjordar eller vatn utan ein veldig god grunn. Det er heilt fantastisk!

Live Austgard / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

Dette er svært gledeleg! Dommen slår fast at ingen får forureine fjordane våre berre for å drive næring. Nå må Nordic Mining avslutte sin forurensende verksemd umiddelbart. Utsleppa er ulovlege. Dette må endre heile forvaltninga. Heretter må staten stille langt strengare krav til næringslivet og stanse alle sjødeponier.

Bergen Ap

Reidar Staalesen, Ap

Dette er først og fremst ein veldig bra dag. Kampen som naturvernorganisasjonane har stått i har vore lang, men eg er enormt glad for at fornufta her har sigra. Vi frå Arbeidarpartiet i Bergen har vore tydeleg mot fjorddeponiet i Førdefjorden sidan 2015. Og vi snudde fylkeslaget vårt til å fatte vedtak mot fjorddeponi. Eg er glad for at vi tok denne kampen internt.

Hevar terskelen for andre prosjekt

Sjølv om dei praktiske følgjene let vente på seg, har dommen stor betydning for saksøkjarane.

Avgjerda set ein rettsleg presedens og klargjer kva miljøpåverknad styresmaktene kan tillate i framtida.

Det vil i sin tur få konsekvensar for den planlagde gruveverksemda ved Repparfjorden i Finnmark. Høgsterett har no trekt opp prinsipielle juridiske linjer som gjer terskelen for…

Read the full article at NRK Nyheter
Source document: Institutt for statsvitskap

1 reports

NRK NyheterState / PublicCenter4 days ago
Historical judgment in the High Court: The state lost in the Førdefjord case

The Supreme Court has ruled that the Norwegian government's approval of mining waste disposal in Førdefjord is invalid. Environmental organizations Naturvernforbundet and Natur og Ungdom have won the case. The ruling ends an eighteen-year legal battle but does not immediately stop the dumping. The matter will now return to the ministry, which must reassess the case according to the Supreme Court's interpretation of regulations. The government has stated it will follow the court's decision and conduct a new evaluation, though the dumping may continue under strict environmental conditions.

Bias read (Center): The article presents the Supreme Court's ruling without overtly favoring either side. It includes quotes from both the environmental groups and government officials, providing balanced perspectives. There is no evident loaded language or one-sided sourcing.

Official sources cited

  • organisation Institutt for statsvitskap
  • statement Øyvind Stiansen
  • statement Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
  • statement Karen Mellingen, Regjeringsadvokaten

Go to the primary sources (4)

The official sources this coverage is built on. Read them directly to bypass framing.

  • organisationInstitutt for statsvitskap
  • statementØyvind Stiansen
  • statementAndreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
  • statementKaren Mellingen, Regjeringsadvokaten