Tysdag morgon la cruiseskipet «Silver Dawn» til kai i vesle Åndalsnes i Rauma kommune.
Bygda med dei bratte fjella er vande med cruiseturistar, men denne morgonen dukka ti personar opp på kaia med regnbogeflagg og bannarar.
– Vi er ikkje interessert i det hatet som Maga-rørsla driv med i USA, seier ein av demonstrantane, Bjørn Inge Ulv Bøhler Pedersen.
Nær 200 av cruisepassasjerane om bord har bestilt turen gjennom konservative Hillsdale College i USA. Skulen har tette band til Maga-rørsla. Det har ført til at skipet blir omtala som «maga-skipet».
Bjørn Inge Ulv Bøhler Pedersen (til venstre) var den første som gifta seg i likekjønnet ekteskap i Rauma. I dag står han på kaia og demonstrerer.
Knallraud kommune
Politisk er Rauma knallraude. Under kommunevalet i 2023 stemde heile 43 prosent av veljarane SV.
Den vesle demonstrasjonsgruppa sin taktikk var å berre roleg vinke til cruisepassasjerane, og la dei få vite kva dei meiner om mellom anna skeive parforhold.
– Vi skal ikkje vere til hinder for passasjerane. Vi skal berre vise at vi markerer mot mykje av det dei står for, seier Pedersen.
Demonstrantane hadde ulike bodskap til cruisepassasjerane.
– Bryr meg ikkje om demonstrantane
Scott Nesbitt er ein av passasjerane om bord. Han donerer pengar til Hillsdale College etter at sonen gjekk der for fleire år sidan, men er ikkje ein del av Magarørsla. No er han på cruise for å sjå dei norske fjordane.
– Eg bryr meg ikkje om demonstrantane. Vi har hatt nokre av dei ved dei andre kaiene også, seier Nesbitt. I Trondheim møtte rundt 150 demonstrantar opp.
Sjølv om Nesbitt stemte på Trump under valet, er han likevel ikkje samd med alle avgjerdene til den amerikanske presidenten.
Scott Nesbitt har støtta Hillsdale College økonomisk sidan sonen gjekk ut for mange år sidan. Han støttar Trump, men er ikkje ein del av Maga-rørsla.
Under den ti dagars lange noregsturen skal dei ha foredrag og politiske debattar om bord, men Nesbitt avviser at det er ei politisk reise.
Lisa Shuneson er konservativ og Trump-supporter. Ho synest det er greit at demonstrantar møter opp, sjøv om ho verken forstår deira protestar eller protestane i heimlandet.
– Vi er ikkje farlege eller militante eller noko. Vi elskar nordmenn, seier Shuneson.
Det var Klassekampen som først omtalte cruiset i Noreg.
Lisa Shuneson har tatt nettstudier ved Hillsdale College. Ho har ikkje delteke på politiske arrangement om bord i skipet.
Usemje blant passasjerane
Det er ikkje alle passasjerane som likar at så mange konservative er med cruiseskipet.
Susan Lauri støttar demonstrantane på kaia, og deltek sjølv i demonstrasjonar i heimlandet mot Trump.
– Han er grufull. Han lyg og det er ikkje noko ærleg som kjem ut av munnen hans. Han er ikkje snill mot andre menneske, meiner Lauri.
Ho ville gjerne ha visst på førehand at den store gruppa hadde booka plass på skipet, men merkar lite til dei.
Susan Lauri er sterkt motstandar av den amerikanske presidenten.
Alle er velkomne
Raumaordførar Yvonne Wold (SV) forstår at folk kan behov for å markere avstand og gi ei motstemme mot autoritære tendensar i USA, men stiller seg sjølv ikkje bak demonstrasjonen.
– Eg meiner det er like viktig at folk kan kome hit og opplever rein natur og sjå lokalsamfunnet vårt som er tufta på demokrati og likeverd, seier Wold.
Ordføraren ynskjer alle velkomne til Rauma, sjølv om dei har andre politiske meiningar. Ho håper turistane kan lære noko frå kommunen hennar under opphaldet.
Ordførar i Rauma, Yvonne Wold, håper turistane som kjem i land kan lære litt om kommunen sitt syn på likeverd og demokrati under turen.
Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Hillsdale College.
Publisert
16.06.2026, kl. 12.42
Read the full article at NRK Nyheter →