ON
← Back to feed
NOSports3 days ago

Measures of the suit-tape: Never seen before

The article discusses a design flaw in Norway's national football team jerseys produced by Nike for the World Cup in Boston. Andreas Feet, an expert tailor and familiar figure from the Norwegian TV series 'Symesterskapet,' points out that the jerseys have two small horns on the shoulders, which makes them look odd. According to The Guardian, this issue affects multiple jerseys sold worldwide. Nike acknowledged the problem, stating it mainly concerns the shoulder seam but emphasized that performance is unaffected. The article notes that attempts to get a comment from Nike were unsuccessful.

– Dette er pinleg for Nike, og det er synd for verda – at det blir produsert så mange fotballdrakter som har ein feil.

Det seier Andreas Feet, utdanna skreddar og kjent frå NRK-serien «Symesterskapet».

SYEKSPERT: Andreas Feet er utdanna skreddar i London.

Han måtte nesten gni seg i auga då han såg bilda av draktene dei norske landslagsstjernene hadde på seg i kampane inn mot VM-opninga i Boston.

Der kunne du tydeleg sjå at draktene har to små horn på skuldrene.

– Det er kjedeleg for Nike fordi eg reknar med at desse draktene skal sjå kule ut. Dette ser jo berre veldig rart ut, seier Feet.

FEIL: Her ser du feilen på både første- og andredrakta til Noreg.

Noreg-stjerne: – Vanskeleg å ikkje legge merke til

Dette gjeld ifølge The Guardian fleire av VM-draktene frå utstyrsgiganten. Det betyr at feilen også gjeld drøssevis av drakter kjøpt av supporterar over heile verda.

Ifølge den britiske storavisa har reaksjonane frå fotballfansen vore kraftige.

Etter lanseringa i vår innrømte Nike overfor The Guardian at draktene ikkje ser ut slik dei burde.

– Vi har observert eit mindre problem med landslagsdraktene våre, mest merkbart rundt skuldersaumen. Ytinga er ikkje påverka, men det estetiske er ikkje der det skal vere, sa ein talsperson for selskapet.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Nike, men har ikkje lykkast.

Noreg-profil Patrick Berg er tydeleg på at han har fått med seg feilen på dei norske draktene.

– Ja, det er jo litt vanskeleg å ikkje legge merke til det. Så det trur eg dei fleste har gjort, sa Berg til NRK før Irak-kampen.

– Er det ubehageleg å spele med?

– Nei, ein merkar ikkje noko meir til det enn at ein ser det. Men reint praktisk har det ingenting å seie, svarte han.

HAR SETT FEILEN: Patrick Berg er tydeleg på at han har fått med seg feilen på draktene.

NRK har vore fleire gonger i kontakt med Jan Ove Nystuen i Noregs Fotballforbund om draktene. Han har fortalt at dei har blitt orienterte om problema, men at dei opplevde at Nike hadde kontroll.

I VM-opninga mot Irak såg draktene ut til å sitte langt betre på skuldrene til dei norske spelarane.

– Utfordringa er løyst, så «all good», skriv han i ein SMS.

NRK har spurt Nystuen om Noreg har fått nye drakter eller om feilen blei fiksa på andre måtar, men har ikkje fått svar.

SIT BETRE: NFF seier at problema med draktene har blitt fiksa. Det gjeld likevel ikkje draktene til tallause fans verda over.

Og sjølv om «horna» har forsvunne frå skuldrene til dei norske stjernene, er feilen framleis godt synleg på Nike-draktene til tallause norske og utanlandske supporterar, som kjøpte i forkant av meisterskapen.

Forklarer feilen

Men kva var det som gjorde at det gjekk gale i utgangspunktet? Skreddar Andreas Feet trur han veit grunnen, og tar oss gjennom det sytekniske:

Han forklarer at det verkar som om Nike har prøvd på raglanerme – ein type erme der saumen skal gå heilt opp til halsen, ikkje stoppe på skuldra.

HALVVEGS RAGLANERME: Her meiner Andreas Feet at Nike har stoppa raglanermet. Den varianten har han aldri sett før. Vanlegvis går denne saumen heilt opp til halsutringningen.

– Dei har berre kutta han av. Raglanerme er notorisk vanskeleg å få til fordi det er vanskeleg å få bogen til å forme seg rundt skuldra. Det blir ofte litt stoff på ytterpunktet på skuldra som minner om dette, men her er det enda meir dramatisk, seier ein forbløffa Feet og fortset:

– Det er fordi raglanermet ikkje går heilt inn. Det er berre eit halvvegs raglanerme. Dette har eg aldri sett før.

Han fryktar at supporterar vil kvitte seg med drakta fordi det er noko feil med den.

– På ei anna side: Kanskje dette blir den ikoniske drakta, som det var ein feil på? Ei drakt med to horn på skuldrene. Kanskje det blir ein «limited edition» ? Det kan vere at ein om fem år ser tilbake på dette som noko ein hugsar veldig godt frå VM, smiler han.

Publisert

18.06.2026, kl. 05.13

Oppdatert

18.06.2026, kl. 09.33

Read the full article at NRK Nyheter
Source document: The Guardian

1 reports

NRK NyheterState / PublicCenter3 days ago
Measures of the suit-tape: Never seen before

The article discusses a design flaw in Norway's national football team jerseys produced by Nike for the World Cup in Boston. Andreas Feet, an expert tailor and familiar figure from the Norwegian TV series 'Symesterskapet,' points out that the jerseys have two small horns on the shoulders, which makes them look odd. According to The Guardian, this issue affects multiple jerseys sold worldwide. Nike acknowledged the problem, stating it mainly concerns the shoulder seam but emphasized that performance is unaffected. The article notes that attempts to get a comment from Nike were unsuccessful.

Bias read (Center): The article reports on a factual issue with sports equipment without taking a stance or showing bias toward any political perspective. It presents information objectively, citing both an expert opinion and Nike's acknowledgment of the problem.

Official sources cited

Go to the primary sources (1)

The official sources this coverage is built on. Read them directly to bypass framing.