– Eg er jo litt redd. Mest bekymra for barna. Det verst tenkelege er jo at dei har tatt skade av det.
Det seier firebarnsmor Linn Elisabeth Dregelid. Ho er i ein av husstandane som får vatnet sitt frå Kyrkjebø vassverk i Høyanger i Sogn.
– Det er jo ille å tenke på at vi har gitt ungane våre drikkevatnet i kanskje fem år, og trudd at det var trygt, seier Dregelid.
Torsdag innførte Høyanger kommune drikkeforbod for 700 husstandar knytte til Kyrkjebø vassverk, etter det vart funne for mykje aluminium i drikkevatnet.
Småbarnsmor Siv Helen Lillehauge Bjørsvik varsla kommunen i fjor haust.
Ordførar Petter Sortland seier at dei visste om at det var høge verdiar aluminium i vatnet allereie i 2021.
– Eg synest jo det er rart at kommunen ikkje har informert. Eg opplever at folk er overraska, litt sjokkerte og urolege. Bekymra og irriterte, seier Dregelid.
Varsla kommunen om vatnet i fjor
I fjor haust sende Siv Helen Lillehauge Bjørsvik vatn til testing etter å ha reagert på vasskvaliteten i heimen.
Svaret frå Sunn lab AS: Det var over dobbelt så mykje aluminium i vatnet som tilrådd.
I eit brev til kommunen varsla ho om kvaliteten, og skreiv mellom anna:
«Hunden er faktisk meir interessert i å drikke sølepyttvann, enn vatnet frå springen».
Siv Helen Lillehauge Bjørsvik er engsteleg og synest kommunen kunne handtert situasjonen betre.
– Kommunen sa at dei skulle få fagfolk til å sjå på det, og halde meg oppdatert. Så høyrde eg ikkje noko meir etter det, seier Lillehauge Bjørsvik.
Brevet vart sendt i november 2025. I mars sende ho kommunen resultatet frå ei ny måling, der verdien hadde stige enda meir.
Men først denne veka kom kommunen med informasjon om vatnet og innførte drikkeforbod.
– Eg synest det er litt skremmande at vi har drukke på dette og trudd at det var trygt, seier Lillehauge Bjørsvik.
Ordføraren beklagar at ho ikkje har fått tilbakemelding før no, og forklarer at dei har brukt tid på å hente inn fagkompetanse.
– Siv Helene skulle ha fått melding og tilbakemelding frå kommunen lenge før. Det har eg lyst til å nytte høvet til å beklage overfor Siv Helene. Det er ikkje godt nok frå vår side, seier Sortland.
Opptil 28 gongar høgare verdiar enn tilrådd
For at mengda aluminium i drikkevatn skal vere helsemessig trygt, skal det ikkje overskride grensa på 0,2 mg aluminium per liter, opplyser FHI.
FHI har gjort ei vurdering av drikkevatnet frå Kyrkjebø vassverk.
Mengda aluminium i vatnet på Kyrkjebø vassverk har tidvis vore for høge sidan 2021.
Den viser at vatnet ein gjennomsnittsverdi på 0,54 mg aluminium per liter sidan 2021.
Det er meir enn ei dobling av grenseverdien.
Den høgste målinga viser 0,84 mg aluminium per liter.
– Med desse verdiane så vil alle aldersgrupper ligge over tolegrensa for aluminium, skriv FHI i vurderinga.
Kyrkjebø vassverk ligg i Høyanger kommune.
Nyfødde, spedbarn og småbarn er dei som er mest utsette og følsame for dei negative helseeffektane av aluminium.
For desse gruppene overskrid dei gjennomsnittlege målingane grenseverdien med 4–18 gongar, medan dei høgste målingane overskrid verdien med 6,5–28 gongar.
– Ein auka risiko av denne størrelsen blir ikkje sett som trygt for desse aldersgruppene, spesielt ikkje for spedbarn, skriv FHI.
Langvarig inntak av vatnet kan gi irreversible skadar på nervesystemet. FHI tilrår at barn som har drukke vatnet sidan 2021 blir følgde opp med regelmessige helsekontrollar i åra framover.
Har sett ut tankar med drikkevatn
Kommunen fekk melding om høge nivå av aluminium allereie i 2021.
– Allereie då var det mange prøvar som viste raudt. Der har ikkje rutinane våre vore gode nok, seier Høyanger-ordføraren.
Ordføraren seier kommunen skal gjere det dei kan for å få tilbake tilliten og god vasskvalitet.
Sortland forklarar det med at målingane tidvis har vore for høge og andre gonger på rett nivå.
Kommunen har sett krisestab og det er sett ut tankar med drikkevatn til dei råka.
Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
John Vegelahn
John Vegelahn fekk nyheita via nettet.
– Det har vore nokre saker om drikkevatnet tidlegare.
Vegelahn seier han har drukke vatnet frå vassverket denne veka, men har ikkje merka noko til at det har vore dårleg.
– Forhåpentlegvis kjem eg heller ikkje til å gjere det, seier han.
Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
Terje Skuggedal
– Heile situasjonen er veldig pussig. Eg blei ganske paff då eg høyrde om det.
Skuggedal fekk melding om hendinga i går ettermiddag og fekk tak i reint vatn.
No håper han kommunen får orden på vatnet så fort som mogleg.
Privat / NRK
Vilde Lillehauge
Vilde Lillehauge er helsefagarbeidar ved sjukeheimen på Kyrkjebø.
Sjukeheimen har fått vassdunkar frå kommunen som dei no har teke i bruk.
– Det har gått veldig fint. Tanken kom ganske kjapt etter at vi fekk vite at vi ikkje kunne bruke vatnet.
Lillehauge seier det ikkje har vore noko stor bekymring for dei om vasskvaliteten tidlegare.
Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
Grethe Haaland
Grethe Haaland jobbar på Joker-butikken på Kyrkjebø. Her b…
Read the full article at NRK Nyheter →