ON
← Back to feed
NOBusiness2 days ago

Håvard filmed one of the world's most mythical birds: Totally surreal

A researcher named Eggen filmed an enormous bird, a lammergeier, on the island of Røst while monitoring seabird colonies for the Norwegian Institute for Nature Research. The bird, which has a wingspan of up to 2.8 meters, is one of the largest birds of prey in the world. Its appearance in Nordland is extremely rare. Local birdwatchers were quickly alerted and went out by boat to search for the giant bird. The lammergeier was found near Trenyken, where it lives alongside the area’s sea eagles. The article explains that the lammergeier was once thought to hunt live sheep but primarily feeds on骨头

Eggen er i desse dagar på øya Hernyken på Røst kor han jobbar med å overvake lundefuglreir for Norsk institutt for naturforsking.

Plutseleg kom det ein enorm fugl rett over hovudet hans, tett følgd av ein ramn.

– Det var heilt surrealistisk. Ein skjønte med ein gong at dette ikkje er ein vanleg havørn, seier Eggen, som filma den enorme gribben på den kjende fugleøya i Nordland.

Med eit vengespenn på opptil 2,8 meter er lammegribben ein av dei største rovfuglane i verda. At han dukkar opp i Nordland høyrer til dei absolutte sjeldanheitene.

Eggen fekk raskt varsla lokale fuglekikkar. Kort tid etter var dei ute i båt for å leite etter kjempefuglen. Gribben vart attfunnen ved Trenyken, der han heldt til saman med områdets havørner.

MYTEOMSPUNNE: Lammegribben blei utrydda frå Alpane fordi ein trudde han jakta på levande lam. I verkelegheita et fuglen nesten utelukkande bein og knoklar frå døde dyr, og er heilt harmlaus for sauebønder.

Så kom det som ifølgje Eggen var dagens verkelege høgdepunkt.

– Vi såg lammegribben sitte og ete på noko. Då han etter kvart tok til vengene, kunne vi tydeleg sjå at han bar på eit bein, sannsynlegvis frå ein sau.

Han legg til:

– Det er utruleg å oppleve denne åtferda ute på dei ytste øyane på Røst. Ein ung havørn gjorde til og med eit forsøk på å stele beinet frå han.

Nær utrydda av seigliva myte

Namnet til den gigantiske fuglen ber på ei mørk historie.

I eldre tider trudde gjetarar i Sør-Europa at gribben jakta på og drap levande lam – og i verste fall små barn. Myten førte til at fuglen vart nådelaust forfølgd og fullstendig utrydda frå Alpane på tidleg 1900-tal.

I realiteten er den massive fuglen heilt harmlaus for sauebønder.

Han angrip nesten aldri levande dyr. Klørne er flate og svake, og er skapte for å gå på bakken, ikkje for å drepe byttedyr.

Et berre bein

I staden har lammegribben spesialisert seg på noko ingen andre levande skapningar gjer:

Han lever nesten utelukkande av skjelettrestar og beinmarg frå døde dyr.

For å få i seg maten har fuglen utvikla ein genial, men makaber teknikk. Han tek store knoklar med seg høgt opp i lufta, finn eit flatt svaberg, og slepp beina ned frå 50 til 100 meters høgde slik at dei knusar mot fjellet. Deretter landar han for å ete den næringsrike margen.

Håvard Eggen

– For eit adrenalinkick! Dette er ei oppleveing ein kvar fuglekikkar vil hugse resten av livet.

Fuglen har også ein magesyre som er så ekstremt sur at han kan fordøye store beinstykke på kort tid. På engelsk har ein difor gått bort frå lam-myten, og kallar han i dag ofte for «Ossifrage» – som rett og slett betyr beinknusar.

– Eit minne for livet

Lammegribb er ein stor, truga rovfugl som lever i fjellområde i Sør-Europa, Afrika og Asia.

For Håvard Eggen vart opplevinga på Røst noko han seint vil gløyme. Videoen han sikra seg er eit unikt dokument på at den europeiske kjempefuglen av og til tek turen heilt opp til den norske polarsirkelen.

– Å sjå ein så unik fugl, med den dramatiske historia og den spesielle utsjånaden, er berre heilt rått, seier Eggen.

Ekspert: – Spektakulært

Han har meldt inn funnet til artsobservasjoner.no. No skal Norsk sjeldenhetskomite for fugl (NSKF), underlagt BirdLife Noreg, vurdere funnet.

Ein av dei seks medlemmene i komiteen er Andreas Gullberg.

Han har fått med seg observasjonen av lammegribben når NRK ringjer.

Han fortel at bestandane har vore på full fart nedover i Europa over lengre tid, men det er i ferd med å snu.

– Dei siste åra har det vore mange reintroduksjonsprogram i Europa, så no aukar talet på gribbar igjen.

Men at ein lammegribb blir observert så langt nord som Narvik-området, overraskar sjølv ein erfaren fugleekspert.

– Sjølv om funnet er spektakulært, følgjer det ein trend der det blir stadig fleire gribbefunn i Norden. Akkurat no oppheld det seg til dømes også ein lammegribb på Öland i Sverige.

Kan vere ein historisk noregsrekord

Det er gjort to funn av lammegribb i Noreg tidlegare.

Eitt på tidleg 2000-tal og eitt på tidleg 2020-tal, men begge desse vart plasserte i «kategori E». Det betyr at fuglane enten hadde rømt frå fangenskap eller stammar frå reintroduksjonsprogram i Europa, og dei reknast difor ikkje som ein del av den offisielle, viltlevande norske faunaen.

– Sjølv om funnet er spektakulært, følgjer det ein trend der det blir stadig fleire gribbefunn i Norden. Akkurat no oppheld det seg til dømes også ein lammegribb på Öland i Sverige.

– Fuglen på Røst har ingen synlege merke etter å ha vore i fangenskap, som for eksempel ringar på beina. Dersom komiteen konkluderer med at dette er ein genuint vill fugl, vil det vere det aller første spontane og naturlege funnet av lammegribb i Noreg.

Gullberg er ikkje overraska over at den sjeldne rovfuglen dukkar opp akkurat på Røst.

– Øya ligg strategisk til geografisk, i tillegg til at det ofte er mange fuglekikkarar der som følgjer med på himmelen.

Publisert

19.06.2026, kl. 11.48

Read the full article at NRK Nyheter

1 reports

NRK NyheterState / PublicCenter2 days ago
Håvard filmed one of the world's most mythical birds: Totally surreal

A researcher named Eggen filmed an enormous bird, a lammergeier, on the island of Røst while monitoring seabird colonies for the Norwegian Institute for Nature Research. The bird, which has a wingspan of up to 2.8 meters, is one of the largest birds of prey in the world. Its appearance in Nordland is extremely rare. Local birdwatchers were quickly alerted and went out by boat to search for the giant bird. The lammergeier was found near Trenyken, where it lives alongside the area’s sea eagles. The article explains that the lammergeier was once thought to hunt live sheep but primarily feeds on骨头

Bias read (Center): The article provides factual information about a rare bird species and its behavior without taking a political stance or showing bias toward any particular ideology.