ON
← Back to feed
NOPolitics2 days ago

118 students gathered together to mark the school's pride

In Karmøy municipality, 118 students did not attend school on June 12 when schools were marking Pride Day. The local education authority stated that such events fall under regular school instruction and denied requests for exemptions. Parents at Sevland School had previously sought alternative lessons for Pride Day but their request was rejected by the county administration, which emphasized that the event is part of mandatory schooling.

– Tala er litt usikre. Vi reknar med at dette er fråvær knytt til regnbogeflagginga, seier Bjørn Nøttum, skulesjef i Karmøy kommune til Haugesunds Avis.

Det var avisa som først omtalte saka.

Karmøy kommune fekk 111 søknadar om fritak frå undervisninga som skulle vere 12. juni.

Desse blei ikkje innvilga, og 118 elevar møtte ikkje opp dagen skulane markerte pride.

Skular i kommunen har halde fast ved at denne typen markeringar fell innanfor den ordinære undervisninga i skulen, men har møtt motstand frå ei foreldregruppe. Her frå Sevland skule i Karmøy.

Statsforvaltaren slo fast: Ingen rett til fritak

NRK har tidlegare omtalt pride-striden ved Sevland skule på Karmøy. Der engasjerte ei foreldregruppe advokat for å krevje alternativ undervisning dagen pride skulle markerast.

Kravet nådde likevel ikkje fram.

Statsforvaltaren i Rogaland konkluderte med at elevane ikkje har krav på fritak , og slo fast at undervisninga er ein del av den ordinære og obligatoriske opplæringa i skulen.

26 elevar ved Sevland skule søkte om fritak denne dagen. På den aktuelle dagen var det også 26 elevar som ikkje møtte på skulen.

Rektor på Sevland skule, Kristin Birkeland Log, er ikkje overraska.

Undervisningsopplegget er gjennomgått av Statsforvaltaren, som ikkje har hatt negative kommentarar, seier rektoren.

– Allereie i februar kom det spørsmål om kva vi tenkte å gjere i juni og om vi skulle flagge, seier ho, og held fram:

– Det er ikkje vanleg å dele undervisningsopplegg med foreldre, men vi gjorde dette av velvilje.

– Eg trur det er ordet pride og flagga som gjer dette vanskeleg for enkelte. Vi tenker at flagget representerer mangfald, inkludering og likeverd. Det er trist at dette undervisningsopplegget har blitt oppfatta som splittande, seier Birkeland Log.

Kjenner seg marginalisert av kommunen

Ein far på Karmøy stadfestar overfor NRK at han valde å halde barna sine heime fordi han meiner arrangementet strir mot trua til familien.

Han hevdar at dei i denne situasjonen nyttar seg av ein lovfesta rett til fritak, trass i Statsforvaltarens konklusjon.

– For oss symboliserer flagget ein politisk kamp for å endre normer og fremje eit syn på kjønn og seksualitet som ikkje er i tråd med trua vår. Trua står sterkt her på vestsida av Karmøy, og dette er identiteten vår, seier faren til NRK.

I juni har norsk politi fått meldingar om hærverk mot prideflagg.

Sterkast motstand i Agder og Rogaland

Ei ny landsrepresentativ undersøking som Amnesty International har fått gjennomført, viser at motstanden mot undervisning om kjønnsidentitet og transpersonar står spesielt sterkt i Agder og Rogaland.

På påstanden «Barn bør ikkje lære om kjønnsidentitet og trans på skulen», svarer 37,5 prosent i regionen Agder og Rogaland at dei er einige.

Dette er den høgaste motstanden i landet, og talet ligg betydeleg over det nasjonale gjennomsnittet på 29,5 prosent.

Amnesty presiserer at regiontala bygger på mindre underutval, og bør tolkast med noko varsemd.

– Harde frontar og splitting i lokalsamfunnet

Faren som NRK har snakka med, understrekar at han tar sterkt avstand frå hets og hærverk.

– Vi er jo alle for inkludering og mangfald, men det må gå an å gjere det på andre måtar enn under eit flagg som har så ulik betydning for folk.

– Det er først og fremst trist at det har blitt så harde frontar og splitting i lokalsamfunnet vårt.

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Ho seier at skulane har avgrensa sanksjonsmoglegheiter i møte med fråværet.

– Det er foreldra si plikt å sørge for at elevane kjem på skulen, seier ho.

Publisert

19.06.2026, kl. 13.22

Oppdatert

19.06.2026, kl. 14.44

Read the full article at NRK Nyheter
Source document: Bjørn Nøttum, Skolesjef i Karmøy kommune

1 reports

NRK NyheterState / PublicCenter2 days ago
118 students gathered together to mark the school's pride

In Karmøy municipality, 118 students did not attend school on June 12 when schools were marking Pride Day. The local education authority stated that such events fall under regular school instruction and denied requests for exemptions. Parents at Sevland School had previously sought alternative lessons for Pride Day but their request was rejected by the county administration, which emphasized that the event is part of mandatory schooling.

Bias read (Center): The article presents facts without overtly biased language or selective sourcing. It reports on the denial of exemption requests for Pride Day events in schools, citing both the parents' stance and the administrative decision. No clear ideological framing is evident in the reporting.

Official sources cited

  • government Bjørn Nøttum, Skolesjef i Karmøy kommune
  • government Statsforvaltaren i Rogaland
  • organisation Kristin Birkeland Log, Rektor på Sevland skole

Go to the primary sources (3)

The official sources this coverage is built on. Read them directly to bypass framing.

  • governmentBjørn Nøttum, Skolesjef i Karmøy kommune
  • governmentStatsforvaltaren i Rogaland
  • organisationKristin Birkeland Log, Rektor på Sevland skole